Du sit attmed varden
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
|
DU SIT ATTMED VARDEN I Du sit attmed varden på Hermannsnasa og ser over myr og mo, på djupgrøne skogar og åsar og tindar som drøymer i sommarblå ro. Då ser du i blådraum dei farne tider og følgje som fór her før: Dei skinnkledde sveinar på raggute gampar og staskarar stolte frå sør. Då blenkte det urgamle Samelandet med tjørner og sjø ved sjø. Då båra ein hornskog av urkande reinar, og vargane vaula i snø. Her kom òg den landlyste Olav Digre med her og med kristen tru. Han skimta den blodige solefallsskuggen som skalv gjennom glavind og gru. Der vandra òg vonfulle pilgrimsflokkar med munkar som song og bad. Dei reiste usynlege himmelferdsstigar frå Tautra til Vadstena stad. Men svarte kom herar som dragsa våpen og sådde mistru og død. Tidt hausta dei heimferd med blodige kapper, og alle fekk saknad og nød. Ein Armfeldt la bruer og sleit fram kanonar. Sjå, nedmosa kavlebru enn! I moselag over er blodspora ferske frå jarnskodde, tyskalne menn! II Du gøymer i langsynet fjorden, dalen, du kviskrar at han er din. I lendet som stig attom ufødde dagar, ligg dalen forklåra og skin ! |
|
skrevet av Bjarne Slapgard
|
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
|
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |